Tilbake  Annies Gjestekro  Matsider  Historie  Kultur  Vindkraft  Adresser/kart  Diverse  Sidekart 

  Veikro - mat - overnatting - catering
Kultur-aktiviteter  Smøla golfklubb  Severdigheter  Smøla museum  Merkedager  Smøla's kommunevåpen  Dialekten  Kulisteinen 2 



Fru Guri av Edøy (Gurispelet). Manuskript: Peggy Kruse

Utespillet er et resultat av stor innsats fra utallige enkeltpersoner, samtidig med at profesjonelle og amatører utfyller hverandre i et fruktbart samarbeid. Dette gjør et mektig inntrykk, og virker utrolig ekte med sine skildringer av de som levde på Edøygarden for omkring 800 år siden. Et sterkt og holbart budskap som gjør oss stolte over forfedrene våre, og gir historien sammenheng og mening.

Spelet om fru Guri av Edøy

- Det er tidleg morgon på Edøygarden, Fru Guri helsar dagen etter gammel skikk ved å bøye seg mot aust og be om godt år, signing og fred
- Ho tek til å verte sliten og trøytt no, Guri. Mange tunge år i saknad og slit - og sorg. Men og gode stunder, som i dag.
- Det er festdag på Edøygarden, Sverre, son til Guri, kjem over fjorden med den nye kona si, Ingeborg frå Soleim.
- Enkjemann på femte året, etter at ho døydde, som var mor åt dei to små, Sigvart og Gjertrud.
- Fru Guri hadde vore mor for borna, især Gjertrud, som ikkje kunne hugse anna mor, lita som ho var. Sigvart fylgde helst far sin.
- Guri sukkar over minnet. Det var tungt. Ingen tala om det!
- Så kjem bodet: No kjem følget frå Tustna! Alle spring til støa. Nei, ikkje alle. Gjertrud lita, knapt sju år, kjem sint og redd springande over tunet. Kveser til bestemora at Ingeborg aldri skal komma dit til garden.
- Guri tek barnet i fang, godtalar og trøystar, lenge. Lovar ta ho med til Kuli, barndomsheimen til Guri for å sjå på den gamle runesteinen over Ulv. Dra til Nidaros for å be ved skrinet til Heilage Olav.
- Så kjem brurafølgjet med lått og leven. Gjertrud roar seg, med agget mot Ingeborg sit i lenge.
- Ved festbordet er dei samla de fleste i slekta: Tore frå Kuli, med fostersonen Hallvard, Håkon frå Soleim, skalden Solve og Ivar bonde frå Kyrhaug med den vakre dottera, Inga.
- Slik møttest dei unge, Hallvard og Gjertrud, Sigvart og Inga første gongen. Dei leika ilag, og venskapen veks mellom dei.
- Dei vaksne talar om kyrkjebygging. Ei kyrkje skal reisast på Edøyvollen. Av STEIN! Ho skal stå nokre år! Guri er myndig og krev i det høve samhald, ro og fred mellom frendar.
- Så tek kvardagen til på nytt. Guri ser dei unge vekse opp. Ho veit at ho er den som må gi Gudstru og tradisjonar vidare - og kunnskap om farne tider til dei nye slektene. Ho veit at skal dei unge få ei god framtid, må dei ha feste i fortida.
- Livet og lagnaden er knytta til runesteinen frå Kuli - den korsmerka steinen med namnet Norvegr, og tidfestar til tida da kristendommen hadde vore tolv vintrar i landet. Ingen visste betre om farne dagar inn Guri. Med unntak av ein, Solve Skald.
- Livet på Edøygarden skiftar mellom sorg og glede, medgang og motbør. Guri kjenner sorg over at kyrkjebygginga har splitta frender, og gammal hat som kjem til overflata. Stahet, stolthet og egenvilje kjempar omt varm og heilskapt Gudstru.
- Ho ser og høyrer, hjara blør for dei som lengtar og lir.

- Da unge Gjertrud mister barnet sitt for eiga hand og spring på sjøen, kjem dem gamle lagnaden att. Slik gjorde mora og. Eit under gjer at Gjertrud overlever. Guri bryt saman. Alt kunne Vårherre ta, men ikkje røre Gjertrud.
- Guri kjempar for liv og gudstru i svarte natta. Så kjem Ingeborg. Ho som aldri fikk vere mor og husmor på garden. No tek ho børene av Guri. Ho veks på det. Slik kunne ho berga Gjertrud og. "Husbond, her rår krefter vi ikkje kjenner og som vi ikkje må stå imot" seier ho. Og Sverre bøyer av og gir dotter si til gifte for Hallvard.
- Tore av Kuli, som æresskjelte og fornærma biskopen, og nær vart lyst i bann saman med garden, rekkjer handa til forsoning, og dreg på bodsferd til Nidaros.
- Olsokdagen 1190 blir Edøykyrkja vigsla. Det er festdag på Edøya. Men Guri er ikkje med til gudshuset. Da klokkene tinger høgtida over Edøygarden, ser Guri tunet for siste gong. Ho løfter hendene til signing. Så sig ho ned på vollen. I døden ser ho den korsmerka steinen.
- Men Ingedorg tek ei sorgfull, gråtande ungjente inntil seg. "Kjem du no, Gjertrud?" spør ho stilt.
- "Mor, no kjem eg" seier Gjertrud.