Tilbake  Annies Gjestekro  Matsider  Historie  Kultur  Vindkraft  Adresser/kart  Diverse  Sidekart 
Veikro - mat - overnatting - catering
Historie  Fauna  Kystkultur  Fornminner  Norgeshistorie  Industri  Gamle dager  Om navn  Dampskipene  Fyrhistorie 
Kulisteien  Lover  Om fiskeravgift  Våtmark  Skjoldlus  Havørn  Taretråling 

Jordbruk og fiske, agraritet og maritimitet, i gammel kystkultur
Det offentlige rekneskapsmaterialet, lensrekneskapa, gir oss muligheit til å følgje bosettinga og folket bakover til 1500-1600-talet; år for år bakover til omkring 1600 for vårt område, og med eit par-tre større hopp bakover til 1520.
Det kan vera fleire påfallande ting å legge merke til om vi følgjer bosettinga gjennom dette kjeldematerialet bakover til den tida. Eg vil nemne to.

Det eine er uttynninga av bosettinga vi ser når vi går bakover. Folketalet var lågt og bosettinga glissen på bygdene på 1600- og 1700-talet. Og går vi tilbake på 1500-talet, finn vi ei bosetting som er nesten ufattelig glissen. Det var gjerne fleire kilometer, noen plassar fleire mil, mellom de bosette stadene. Heile indre delen av Stjørnfjorden låg f.eks øde (i gamle Stjørna kommune var det berre 1 busett gard: Fevåg). - Vi kan spekulere på korleis det var å leva i bygder som var så isolerande grissgrendt?
Alle veit at denne ekstremt tynne busetnaden på 1500-talet likevel ikke var ein gammal normaltilstand, men at den var ein tilstand som hadde inntredd etter svartedauen i 1350, den perioden vi kaller ødegårdstida. Før svardedauen hadde det vore ein mykje tettare busetting, vi reknar med noko i retning av det som var omkring midten av 1600-talet. Det merkelige er at denne ødetida vart så langvarig, nærmare 200 år før gjenryddinga kom i gang, og kanskje 300 år før den gamle busetnaden var restituert. Dette har historikarane problem med å forklare, men vi skal ikke gå nærmare inn på det her.
Men sjøl den "restituerte" busetnaden (1340/1660) var temmelig tynn. I Fosen var det neppe over 10.000 innbyggarar verken i 1660 eller før svartedauen. Så når det gjeld folketal og busetting, må vi stille om forestillingane våre når vi arbeider med gammal historie og forhistorie: Bygdene var mykje tynnare befolka enn det vi er vant med frå 1800- og 1900-talet.
Likevel rekner vi med at det var eit befolkningspress, overbefolkning altså, før svartedauen. Bl.a det høge landskyldnivået tyder på det. Likevel var det i Fosen altså neppe var over 10.000 menneske.

Det andre påfallande trekket ved busetnaden på 1500-talet, er den sterke vær-dominansen ute på kysten: Skattemanntala og regnskapa viser oss store folkemengder på utøyar ut mot storhavet. Her i Fosen var det eigentlig berre to store fiskevær av denne typen, Titran og Sula. Men passerer vi fylkesgrensa i sør, ligg det slike vær på rekke og rad: Veiholmen, Brattværet, Odden og Grip på Nordmøre, og Bud og Ona i Romsdalen.
Idet skattemanntala og rekneskapa forlet oss på vår veg bakover, etterlet dei eit svært påfallande og interessant busettingsmønster: Ein ekstremt tynn busetnad, store øde område, og samtidig opphopingar av folk på utøyar ytterst ute på kysten.
Let oss få noen tal på dette:
I 1520 var det 16 skattytarar i Sula, 16 i Titran, 26 på Veiholmen, 13 i Brattværet, 14 i Odden, og 48 på Grip (og 66 i Bud og 16 på Ona).
Tala hørest ikke imponerande for våre ørar, men de var det den gongen, så grissgrendt som landet var da. På Nordmøre var 23 % av alle skattytarane i 1520 busett i dei fire fiskeværa. Fosen var ikke på langt nær så dominert av fiskeværa som Nordmøre, men også her bodde over 6 % av dei 520 skattytarane i fiskevær.
Jørn Sandnes kjem (i Ødetid og gjenreising) til eit folketal på ca 3400 Foseni 1520. I gamle Bjugn og Stjørna kommunar var det tilsammen berre 15 gårdbrukarar i 1520, ialt ca 90 innbyggarar. Det var omtrent så mykje folk som det var i kvart av væra Titran og Sula. Sula og Titran vog altså kvar for seg jamt med Bjugn og Stjørna tilsammen!
Busettingsmønsteret på 1500-talet viser klart at fisket hadde ein dominerande plass i næringslivet på kysten. Av plasseringa av fiskeværa kan vi òg sjå kva slags fiske det er snakk om. Det er ikke sildefiske, ikke fiske etter sei, hyse og kysttorsk. Det er fiske etter skrei. Dei norske fiskeværa var skrei-vær. Vi finn dei i Nord-Norge og i Midt-Norge, og så langt sør som skreia gjekk, heilt sør til Bulandet og Fedje i Hordaland. Dette betyr sjølsagt ikke at det berre vart drive skreifiske i desse væra. Den var primært lokalisert med tanke på skreifiske, men slik at det òg var godt eigna for anna fiske, heile året. Men heile tida er det torskefisk det er snakk om, ikke sild.
Er så denne tilstanden - med skreifiske som dominerande næring og fiskevær som ei dominerande busetningsform - den gamle normaltilstanden på kysten? Representerer dette ei tilpasning som gjekk tilbake til "arilds tid"?
Svaret er nei. Tilstanden som dei eldste skattemanntala viser, er ein "abnormalitet" som eksisterte i ca 250300 år. Om vi hadde hatt eit skattemanntal frå 1320, altså 200 år eldre enn det eldste vi har, så ville det vise mykje jamnare og mykje tettare befolka bygder enn i 1520, og lite eller ingen fast busetnad i fiskeværa, iallfall ingen vær-dominans. Stor-tida for fiskeværa var 1400- og 1500-talet. På 1600-talet gjekk det tilbake med fiskeværa ikke så mykje for Fosen-væra, men for Nordmørsværa vart det reint sammenbrudd.
Noen tal: I 1520 var det tilsaman 101 skattytarar i det fire store nordmørsværa. I 1660-åra er talet nede i 38. På Grip var talet på skattytarar redusert frå 48 i 1520 til 8 i 1661! Været var langt på veg utradert.
Årsaka til tilbakegangen var at prisen på fisk (tørrfisk) fall. Fiskarane måtte fiske 2-3 gonger meir enn før for å oppnå samme kjøpekrafta. Dette tør vera kjent stoff, så eg skal ikke gå nærare inn på det.
Årsaka til framveksten av den faste busetnaden i fiskeværa har òg med fiskepris og avsetning å gjera. Dette er også kjente saker. Kort sagt er årsaka å finne i at det handelsnettet som hanseatane etablerte. Hanseatane formidla den store etterspørselen etter fisk nedi Europa til Norge (Bergen), samtidig som dei kunne forsyne dei norske fiskarane med billig korn (rug) frå Østersjølanda. I Bergen kunne norske fiskarar på det beste få 6 kg rug for 1 kg tørr skrei. Og elles fint og etter måten rimelig utanlandsk ty, hamp og andre nødvendige varar.

Da hanseatane hadde etablert seg i Bergen og begynte å rope etter fisk, skrei, skapte det ein ny situasjon for den norske kystbefolkninga. Fisket vart så mykje meir lønnsomt enn før. Det vart økonomisk fordelaktig å spesialisere seg på fiske og dra til Bergen og byte til seg korn og andre varar.
Dette gjorde det naturlig å etablere fast tilhold i fiskeværa. Skreifiske hadde sikkert vore drive i fiskeværa i fleire hundre år føreut, og folk hadde rurbuer der, men først no vart folk freista til å slå seg ned der fast. Dette skjedde sikkert før svartedauen, trulig alt på 1200-talet. Men noe stort omfang hadde værbusettinga sikkert ikke på den tida. I så fall skulle den ha gitt seg utslag i den administrative inndelinga (skipreide, tinglag) frå den tida. Det har værbusetnaden ikke. Smøla f.eks, som i seinmellomalderen hadde ei svær økonomisk og befolkningsmessig tyngde uti væra på nord og nordvestsida av øya, utgjorde ikke noe eige skipreide eller eige tinglag, men var delt mellom Aure og Halsa skipreide/tinglag. ikke før på 1600-talet vart Smøla eige tinglag.
Og Frøya fortsette å vera Tian fjerding til langt ut på 1600-talet.
( Næringslivet i kyststrøka vart generelt påverka av fiskeprisen og framveksten av eksportfisket. Det kan ein sjå av at landskylda i større og større grad blir betalt i fisk (sjøl om ho framleis var fastsett i smør). )
Eg sa at det ikke var naturlig å slå seg ned fast i fiskeværa før folk vart freista av ein høg fiskepris. Eg vil seie: knapt nok da. Her gir eg uttrykk for ei oppfatning som mange sikkert vil stusse over.
Fiskeværa voks nemlig fram i eit kystsamfunn som hadde sin basis i jordbruket, gårdsdrifta. Det gamle kystsamfunnet iallfall om vi held oss til vår del av landet var eit jordbrukssamfunn, frå jernalderen og fram til omkring 1850 eller 1900 med unntak av dei tre første hundreåra etter svartedauen, da den nordafjelske kystkulturen var temmelig sterkt maritimt orientert.
Det å bryte opp frå det jordbruksorienterte samfunnet og slå seg ned på nakne holmar uti havet, var eit stort kulturelt sprang, større enn det folk normalt var villige til å gjera, trur eg. Å dra ut i væra og fiske skrei javel, det hadde dei sikkert gjort i fleire hundre år. Men å bo der fast nei takk!
For at værbusetnaden i det heile kunne bli etablert, var det ikke nok at fiskeprisane var gode. Den dragkrafta var ikke nok, det måtte ei skuvkraft til, attåt.
Ei slik skuvkraft er det vanskelig å sjå eksisterte i s m a, da det var flusst med ødegårdar allstaden.
Før svartedauen eksisterte det derimot ei slik skuvkraft i befolkningspresset, som gjorde at folk måtte utnytte dei muligheitene som fanst, sjøl om det førte dei ut på ein skjerklakk uti havet.
Når værbusetnaden først var etablert, skapte den si eiga sjøloppholdelsesdrift - bl.a i form av normer og forestillingar som oppvurderte fiske og sjølivet og nedvurderte jordbruket. Det kjem eg tilbake til.

Så litt tilbake til jernalderen igjen:
Også i jernalderen henta kystfolket ein stor del, kanskje storparten, av levebrødet sitt frå sjøen. Likevel hadde dei den kulturelle basisen sin i jordbruket.
At jernalderkulturen hadde sin basis i jordbruket, også ute på kysten, ser vi av lokaliseringa av bostader, funn og gravminne. Frøya utgjer det området i Fosen der det er mest gunstig å busette seg om det er fiske ein vil drive, men Frøya blir verken første- eller andrevalget om dte er jordbruk ein vil satse på. Og på Frøya er det mesta ikke teikn til liv frå jernalderen. Det er gjort eitt gravfunn og registrert ein gravhaug. På Hitra er det flusst opp med gravhaugar, og det er gjort fleire gravfunn. På Frøya er det heller ikke eitt einaste gardsnamn som tilhører namneklassane frå jernalderen: vin, heim, stad, land, set. På Hitra og i dei andre fosen-bygdene er det ei rekke slike namn.
Mange arkeologar stiller seg uforståande til at det mesta ikke finst gravhaugar på Frøya. Det har vore antyda at det kan skyldast at frøyværingane har rydda vekk gravhaugane og gravrøysane for å skaffe seg snauberg til å tørke klippfisk på, slik det ser ut til å ha vorte gjort i Kristiansund. Denne forklaringa held nok ikke for Frøya. Det trengst heller ikke noe forklaring, etter mitt syn, for det er akkurat dette ein skulle vente. Det er berre å ta inn over seg det vi veit om kulturen i Norge i jernalderen, at det var ein jordbruksdominert. Jordbruket hadde slått igjennom som den "kulturkonstituerande" næringa, og kornet hadde ein heilt sentral posisjon i denne kulturen, både i næringstilførsla og i forestillingsverdenen (i fruktbarheitskultusen f.eks). Det var ein påfallande einheitlig kultur i Norge i jernalderen, frå Lindesnes og så langt nord som den norske kulturen gjekk, til Troms, så langt nord som det gjekk an å dyrke korn. Der gjekk nordgrensa for den norske busettinga både i eldre jernalder, yngre jernalder og eldre mellomalder.
Sett med steinaldermannens auge var Frøya eit ressursrikt område. Frøya er da også rikt på funn frå den tida. Men sett med jernaldermannens auge var Frøya eit marginalt område. ikke ressursfattig, direkte, men det var få plassar der som han fann attraktive å bo på.
Sett med seinmellomalderens auge hadde Frøya, iallfall fiskeværa, igjen vorte attraktiv som bustad.
Så det går att og fram her i livet!

La oss sjå over fylkesgrensa til Smøla igjen.
Gudmund Frode Berg rekner i "Smøla bygdebok" med at det var mellom 4 og 6 gårdar på Smøla ved utgangen av eldre jernalder (600 e Kr). Alle låg på søraust-sida av øya. Heile vest- og nordkysten av øya er utan teikn til liv. 400 år seinare, ved utgangen av yngre jernalder (1000 e Kr) har det kommi opp 1-3 gardar på nordvest-kysten, men enno vendte det store fleirtalet av smøværingane bokstavelig tala ryggen til havet.
Men så, 500 år etter det igjen, ved utgangen av mellomalderen, bodde 53 av dei 68 skattytarane på Smøla i tre fiskevær ytst ute mot havet i nord og vest. Her hadde det skjedd omlegging! frå ein jordbrukskultur til ein fiskerikultur.
150 år vidare framover hadde forholda komme tilbake til meir normale tilstander. Enno i 1661 var det 37 skattytarar igjen i dei tre store væra på Smøla. Grip var hardare ramma; der var det berre 8 skattytarar igjen i 1661.
I 1677 var det berre 18 skattytarar igjen i dei tre Smøra-væra. Odden var hardast ramma, med ca 2 skattytarar. Til samanlikning var det over 100 skattytarar på gardane og husmannsplassane rundt om på Smøla.
Talet på værmenn var no på eit lågmål, sia tok det seg opp igjen. I 1701 var det omkring 70 husstander i de tre Smøla-væra.
Eg har snakka mykje om Smøla i dette foredraget. Det har eg gjort fordi Smøla illustrerer svært godt den utviklinga som kyststrøka gjennomgjekk, frå jernalder og mellomalderen og fram til 1600-talet, med fiskeværas framvekst og fall.
Dei væra som vaks fram på Nordmøre, var nærmast av "svaberg-typen", der det var liten eller ingen muligheit til å drive jordbruk (februk). Værmennene på Nordmøre må ha vore nokså reine eineyrkefiskarar. Likevel stod dei seg jamt over bra, sjøl om levestandarden nok svinga svært frå år til år, etter korleis fisket slo til.
Noen stod seg svært bra. Det bodde folk av adelsætt i dei fleste fiskeværa. I væra på Nordmøre heldt fleire av medlemmene i den rike Aspa-ætta på Nordmøre til.
Det kan òg nemnast at i alle dei store fiskeværa (og i mange av dei mindre) vart det bygd kirker, på 1400-talet antakelig. Det var værmennene sjøl som bygde og vedlikeholdt kirkene, og det var også dei som betalte presten.
Den kulturen som utvikla seg i fiskeværa må ha avvike mykje frå den gamle jordbruksorienterte kystkulturen. Værmennene dreiv ikke jordbruk, og dei praktiserte ein beskjeden grad av sjølforsyning. Dei spesialiserte seg på fiske og byttehandel. Værkulturen må ha fortona seg som ein fremmend blomst på kysten, iallfall i den tida da dei voks fram, som eg var inne på.
Spesialiseringa på fisket førte sikkert til både ei interessemessig og ei evnemessig innsnevring hos værmennene. Handverk og husflidsysler tok dei lett på, og ferdigheitene vart deretter. Handverks- og husflidprodukt kunne dei med fordel skaffe seg annan stad ifrå, frå andre spesialistar, når dei berre hadde fisk å byte med.
Værmennene såg neppe på den manglande dyktigheita som noko negativt. Heller tvert imot. Det var heller slik som når ein kar for ein mannsalder sia kunne skryte av at han ikke kunne lage den enklaste matrett, ikke koke potet eingong. I fiskeværa utvekla det seg sikkert normar som oppvurderte fiske og sjøbruk, og som nedvurderte det meste anna, framfor alt det som moldtrælane innpå gårdane dreiv med.
På Titran og Sula var det rett nok ikke fritt for jordbruk, i form av krøtterhold. I kvegskatten i 1657 vart det skatta av 30 kyr på Sula og 26 på Titran. Det gir 2 kyr pr familie på Sula og 1,6 på Titran. Mjølka kunne ikke ha dekt meir enn rundt 10 % av energibehovet for sulværingane og titterværingane. (Kjøttet gav berre eit mindre energitilskott.) Så også værmennene på Frøya var så godt som eineyrkefiskarar. Og karane tok neppe sine fingrar verken i fôr eller krøtter, langt mindre i frauen. Likevel det låg ein sikkerheitsmargin i å ha ein fot på land, også karane innsåg sikkert det.
Det at de hadde det, bidro antakelig til at Frøya-væra ikke vart så hardt ramma av nedgangen på 1600-talet som væra på Nordmøre. Dei to væra på Frøya overlevde faktisk uten noen vesentlig nedgang i bosettinga, men dei var økonomisk svekka. Dei var forvandla frå sentra til utkantar.

Karakretistisk i så måte er skjebnen til kirkene i fiskeværa:
Odden kirkened lagt ca 1700
Veien kirke nedlagt ca 1750
Sula kirke nedlagt 1755
Titran kirke nedlagt 1772
Brattvær kirke ikke nedlagt
Grip kirke ikke nedlagt
Værsamfunna skifta karakter etter at dei privare væreigarane kom, i tiåra omkring 1700. Om værmennene fekk det verre eller betre, skal vera usagt.
I den grad den trønderske kystkulturen utenom fiskeværa var påverka i maritim retning på 1400- og 1500-talet, så stabiliserte den sitt agrare preg, som ein fiskarbonde-kultur, etter ca 1650.Fiskeværa overlevde, men også på ytterkysten er det tydelig at jorda betydde langt meir på 1700-talet enn på 1500-talet. Også i fiskeværa vart jordbruket (februket) sikkert viktigare enn før.
Kystkultur er så mangt. Kulturforma var naturligvis ikke den samme i Hemne og i Rissa som på dei forblåste øyane utpå ytterkysten.
I trøndersk kystkultur ser det ut til at Frøya gjennom heile historia har stått i ei særstilling - som den utan sammenlikning mest sjøvendte av kystbygdene i heile Trøndelag. Slik har det vore i vårt århundre, da Frøya aleine har hatt 1/3 av alle registrerte fiskebåtar i Sør-Trøndelag, og slik var det òg i gammal tid.
Vikna, som ein ved å sjå på kartet skulle tro var ei bygd av samme type som Frøya, viser seg å bli den reine innlandsbygda i sammenlikning. I sterk kontrast til Frøya finn vi på Vikna gammal storgardsbusetting, her fin vi både heim- og stad-gardar, og ein rik jernalderkultur, til og med med bygdeborg. Kontrasten til Frøya er slåande.
Vikna har vore kjent for skreifiske og gamle fiskevær. Sør-Gjæslingan og Nordøyan er kjente namn. Væra på Vikna var likevel vær av andre klasse, kan vi seie, på linje med Halten. Det var lite eller ingen fast busetnad der. Dei kan ikke samanliknast med vær som Sula, Titran, Veiholmen osv.
Frøyas særstilling bestod òg i at økonomien der var meir spesialisert på fiske enn i dei andre kystbygdene, og derfor meir salgsretta og mindre innstilt på sjølberging og sjøltilverking. Den materielle kulturen handverk og husflid stod svakt. Det meste av det gjenstandsmaterialet ein har samla ihop på museet på Frøya, er ting som er laga andre stader, og skaffa til veie gjennom handel. Frøyværingane dreiv ein utstrakt fjernhandel på by og på bygd. Alt dette fortonar seg som ein arv frå "værenes store tid".
Det kunne ha vore hensiktsmessig å ha eit eige namn på den kulturforma frøyværingane reprsenterte, vi kunne kanskje kalle det "havkultur"? som altså skulle vera ei spesielt sjøvendt form for kystkultur.
Styrken i denne kulturen låg ikke på gjenstandskulturen, i handverk og husflid, som eg sa. Styrken i kulturen låg meir på det sosiale og kanskje det verbale området, og på den praktiske kulturen som hadde med mestring av båt og hav å gjera. Båtbygging var ikke deres fag, men båtbruk.
Det aller meste av næringa si henta dei frå sjøen. For tiåra omkring 1700 har Svein Bertil Sæther rekna ut at frøy- og hitterværingane i gjennomsnitt fekk 30 % av føda si frå korndyrkinga og februket, resten skaffa dei seg frå sjøen. Jordbrukets betydning vart sikkert ikke større ut gjennom 1700- og 1800-talet.

Til slutt vil eg anføre noen punkt som viser at også denne "havkulturen" hadde sterke agrare trekk.
1. Busetnaden var også på Frøya i det alt vesentlige knytt til gårdar. Enno i 1865 bodde nesten alle frøyværingar på gårdar (tilhørte ein gårdbrukarfamilie).
2. Hadde ein valget mellom ein buplass som var spesielt godt egna for fiske og ein som var godt egna for jordbruk, valte ein normalt den siste, om ein hadde muligheit til å komma til.
3. Alle som på noen måte hadde muligheit for det, dyrka korn.
4. Reint eineyrkefiske var mulig, men skapte ikke velstand. Eineyrkefiskarar hadde vanskelig for å skaffe overskott til f.eks torskegarn, sildenot eller større båt.
5. Gardsbruk skapte velstand. Gårdsbruk var velstandskonstituerande og statusberande.
6. Både på 1600-, 1700- og 1800-talet dukkar det opp folk på utøyar. Men busettingane er oftast kortvarige.
Desse observasjonane frå den nyare kystkulturen i Fosen trur eg kan vera nyttige å ta med seg når ein skal tilbake og studere den gamle.

Kilde: Foredrag av Johan G Foss

Topp