Tilbake  Annies Gjestekro  Matsider  Historie  Kultur  Vindkraft  Adresser/kart  Diverse  Sidekart 
Kultur-aktiviteter  Smøla golfklubb  Severdigheter  Smøla museum  Merkedager  Smøla's kommunevåpen  Dialekten  Kulisteinen 2 
Brattvær 
Veikro - mat - overnatting - catering

Brattvær naturreservat, like vest for Dyrnes

Smøla
Brattvær naturreservat: Bildet er tatt mot nordvest med Store Kvaløya i forgrunnen, Brattvær midt i bildet og Skalmen fyr ute i vest til venstre i bildet. Bildet er tatt i mai 2003.

FORSKRIFT OM VERNEPLAN FOR SMØLA I MØRE OG ROMSDAL FYLKE.
FREDING AV BRATTVÆR NATURRESERVAT I SMØLA KOMMUNE.

Fastsett ved kongeleg resolusjon av .. i medhald av lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern, § 8, jfr § 10 og §§ 21, 22 og 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1 Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr/bnr: 49/ 1,2,24

Reservatet dekkjer eit totalareal på 19,82 km

2. Av dette er ca. 1,91 km landareal og ca. 17,91 km er sjøareal.

Grensene for naturreservatet går fram av vedlagde kart i målestokk 1: 20000 datert Miljøverndepartementet (mnd. og år). Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir lagra i Smøla kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2 Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på eit verdifullt kystområde, med naturleg tilknytt plante- og dyreliv, og økologiske funksjonar. Spesiell verdi knytt seg til området som hekke- og næringsområde for sjøfugl og våtmarksfugl, og som leveområde for oter og havørn. Området er og viktig som fjørfellingsområde for sjøfugl.

§ 3 Vernereglar

For reservatet gjeld følgjande reglar jf likevel § 4 - 5

1. Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Tang- og taresanking er forbode. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting og såing av tre er ikkje tillate.

2. Alt dyreliv, inkludert reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Nye dyreartar må ikkje førast inn. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

3. Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

4. Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgitte tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, etablering av oppdrettsanlegg, skjelkulturar som krev anlegg, plassering av campingvogner, brakker og liknande, opplag av båt, framføring av kloakkleidningar, luftleidningar eller jordkablar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, lagring eller dumping av avfall, tilføring av kloakk eller anna forureinande stoff, kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel, kalk eller gjødsel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.

5.

a) Motorisert ferdsel til lands, start og landing med luftfartøy og lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av motorbåt i ferskvatn er forbode. Bruk av vannscooter, vannski, paraglider og liknande er forbode. Forbodet gjeld også bruk av motor på modellbåtar, modellfly og liknande.

b) All ferdsel skal skje omsynsfullt og forsiktig i samsvar med fredingas formål, slik at området sine natur- og kulturverdiar vert teke vare på.

6. Bruk av reservatet til teltleire, idrettsarrangement, jaktprøvar eller andre større arrangement er forbode.

7. Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.


§ 4 Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1. Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsteneste. Øvingskøyring krev særskilt løyve.

2. Sanking av bær og matsopp.

3. Fiske inkludert skjelsanking etter eigne lovverk med forskrifter.

4. Jakt og fangst er tillate etter gjeldande lovverk i tida frå og med 21/8 til og med 14/4. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift , regulere tidspunktet for jakt og fangst samt forby jakt på enkelte arter ut over reglane i viltlova.

5. Fangst av villmink er tillate i tråd med jakttidsforskrift gitt i medhald av viltlova.

6. Drift og vedlikehald av grøfter, bygningar og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.

7. Tradisjonelt beite. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

8. Inngjerding av innmark som ein naudsynt del av den tradisjonelle landbruksdrifta.

9. Opplag av småbåt på etablert båtplass for grunneigar / rettshavar.

10. Drift og vedlikehald av kystverket sine anlegg og ferdsel i samband med dette.

11. Bruk av dressert bufehund når den blir brukt til å gjete bufe. Bruk av hund må skje utafor hekkesesongen for fugl.

12.

a) Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Motorisert ferdsel i den samband krev særskilt lov.

b) Naudsynt istandsetjing ved akutt utfall. Ved bruk av motorkøyretøy skal tiltakshavar i etterkant sende melding til forvaltningsstyremakta.

c) Oppgradering og fornying av kraftliner for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt, når dette ikkje medfører store negative endringar i forhold til verneformålet.

Tiltakshavar skal varsle forvaltningsstyremakta før arbeidet startar.

§ 5 Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta, kan etter søknad gi løyve til:

1. Motorferdsel i samband med verksemd som er nemnt i § 4 pkt. 1, 6, 7, 8, 12 bokstav a) og c),

§ 5 pkt. 2, 3, 4, 5, 6, 7, 11, 12 og sanking av drivved og opprydding.

2. Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal.

3. Oppsetting av gjerde i samband med beiting av utmarksareal.

4. For å restaurere / halde vedlike kulturmark kan det bli gitt lov til manuelt uttak av tuegras, høymole og tistel på beite- og slåttemark. Fjerning av tre og buskar. Der det er tradisjon for det kan det og bli gitt lov til brenning av gras og lyngheier.

5. Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.

6. Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsåre.

7. Vedlikehald og restaurering av kulturminne.

8. Avgrensa bruk av reservatet ut over det som er angitt i § 3 pkt. 6 og 7.

9. Jakt på grågås innanfor perioden 15.04 - 20.08 i tråd med godkjent forvaltningsplan.

10. Bruk av hund til jakt i tråd med gjeldande lovverk.

11. Etableringa av nye anlegg for Kystverket.

12. Oppgradering/ fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4 pkt. 12.

§ 6 Ferdsel

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift forby eller regulere ferdsel i heile eller deler av naturreservatet.

§ 7 Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskriftene når formålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 8 Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje formålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9 Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastsett kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

§ 10 Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.


Smøla

Topp